Fabel

MajorButikken
Fabel

Poporkester med viser i bagasjen.

Sidan debuten «Jordbær & grasbrann» i 95, har populærorkesteret Fabel stadig utvida sin musikalske horisont og blitt ein kjær og anerkjend plante i den norske visefloraen. Debutsingelen vart raskt ein av dei mest spelte songane i norsk radio sommaren –95. Sidan kom albumet med same namn året etter, og viste eit band som torde å ikle den tradisjonelle visa ei variert og ungdommeleg drakt. Hausten –97 utgav bandet albumet Flørt. Ei utgjeving som resulterte i nominisjon til spelemannspris og tittelen årets beste norskspråklege album på Nrk P1. Fabel har alltid fenga radiofolket, noko singelen «For halv maskin» (98) er eit godt døme på. Etter å sunge seg tørre og varme på sommarminner, rette Fabel augene mot hausten og melankolien, og oppsummerte dette i utgjevinga ”Det e musikk”. Igjen vart orkesteret lønna med lovord frå kritikarhald og nok ein gong kåra til årets beste norskspråkelege album av Nrk P1.

Då Fabel presenterte sitt hittlil siste album «smil» i 2002, vart dette av mange sett på som ei fornying av ein slumrande norsk visetradisjon. Eit samstemt kritikarkorps hylla bandet for kjærkomen friskhet, lyriske tekstar og melodisk overskudd. Eit særeige sound basert på sektitalets møte med dagens knottevridarar, har blitt utvikla i samarbeid med produsent Yngve Sætre, og plasserer i dag Fabel på øverste hylle blant landets popsmedar og utøverar.

Fabel er:

  • Fred Stave: gitarar
  • Laila Beathe Førde: Saxofon og vokal
  • Knut Lothe: Trommer og kor
  • Odd-Erik Lothe: Gitar og vokal
  • Roger Allan Ivin: Bass og kor
Design & webmaster To The Point Webdesign